Slik var kraftsituasjon i veke 40
![Båt liggende i sivet en vakker of fargerik høstdag. Båt liggende i sivet en vakker of fargerik høstdag.](https://www.eidefoss.no/getfile.php/138920-1697526118/Bilder/Artikkelbilder/Str%C3%B8m/shutterstock_112831513.jpg%20%28content%29.jpg)
Kaldare vër og høgare forbruk, men framleis låge strømprisar.
(NVE): Temperaturane fall i heile landet førre veke. Dette bidrog til at forbruket i Noreg auka med ni prosent frå veka før. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeforbruket høgare enn tilsvarande veke dei siste ti åra. Trass høgare forbruk var kraftprisen framleis på eit svært lågt nivå i store delar av landet førre veke. Vekeprisen var 3-4 øre/kWh i dei norske prisområda, med unntak av Sørvest-Noreg (NO2). Magasinfyllinga i Vest- og Søraust-Noreg (NO5 og NO1) er framleis høg for årstida og nær historisk maksimum.
Vekeprisen i Sørvest-Noreg var i snitt 24 øre/KWh, ein reduksjon på 30 prosent frå veka før. Det er tredje veke på rad at prisen i Sørvest-Noreg er under 35 øre/kWh. Også på kontinentet fall kraftprisane frå veka før, blant anna grunna høgare vindkraftproduksjon. I Tyskland var produksjonen frå vindkraft dobla frå veka før. Kraftprisane i Sørvest-Noreg (NO2) og Danmark fall tidvis ned på prisnivået i Søraust- og Vest-Noreg, og det var fleire timar negative kraftprisar gjennom veka. Dette var samtidig som vindkraftproduksjonen i Danmark var høg og eksportkapasiteten frå Noreg til Tyskland var avgrensa.
Statistikk vassmagasin
Ved utgangen av veke 40 var fylliungsgraden i magasina i Noreg på 85,3 prosent. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,7 prosenteiningar.