(NVE): Kraftprisen i sørlege Noreg auka førre veke. Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) hadde ein vekepris på 27 øre/kWh, ein tidobling frå veka før. Lågare temperaturar ga ei auke i kraftforbruket som bidrog høgare kraftprisar. I tillegg var det periodar med låg vindkraftproduksjon, som medverka til store prissvingingar. Måndag morgon var det enkelte timar med kraftpris over 100 øre/kWh. Vi må tilbake til juni for å finne så høge timeprisar i desse områda. Vekesprisen i Sørvest-Noreg (NO2) var 32 øre/kWh, ein auke på 33 prosent samanlikna med veka før. Prisdifferansen mellom dei sørlege områda i Noreg var den lågaste sidan før sommaren. Høgare forbruk på Austlandet har gitt mindre flyt sørover og færre timar med flaskehals mellom Søraust-Noreg (NO1) og Sørvest-Noreg (NO2).  

I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) fall kraftprisen frå veka før og enda  på  1 og 3 øre/kWh, ein nedgang på høvesvis 55 og 23 prosent samanlikna med førre veke. Prisfallet har samanheng med auke i vindkraftproduksjonen frå veka før. Midt-Noreg hadde den høgaste vindkraftproduksjonen over ei veke sida mars i år.

 

Statistikk vassmagasin

Ved utgangen av veke 40 var fylliungsgraden i magasina i Noreg på 86,7 prosent. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,5 prosenteiningar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

 

Sjekk ut appen

 

I appen ser du dagens, gårdagens og morgendagens spotpris time for time, og full kontroll på strømforbruket ditt. ved å slå på varslinger i appen får du melding om når på dagens strømprisen er lavest.

 

 

banner