Slik var kraftsituasjon i veke 42
Høgare forbruk og kraftprisar.
(NVE): I veke 42 var det kaldare vêr og høgare forbruk i Norden enn normalt for denne tida. Medan kraftprisane i Noreg heldt seg nokså stabile gjennom veka, var det store variasjonar i dei andre nordiske landa og på kontinentet. Til dømes varierte prisane i Sør-Sverige (SE3 og SE4) mellom –2,4 øre/kWh og 215 øre/kWh. I gjennomsnitt var kraftprisane i alle områda noko høgare enn i vekene før.
Gjennom veka var kraftprisen i Noreg delt mellom nord og sør, der dei tre sørlegaste prisområda hadde same pris heile veka. Dei siste to vekene har det vore stor variasjon i gassprisen. Krigen i Midtausten og den uavklara situasjonen rundt gassrørleidninga mellom Finland og Estland har medverka til dette.
Statistikk vassmagasin
Ved utgangen av veke 42 var fylliungsgraden i magasina i Noreg på 86,1 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,6 prosenteiningar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.
Få oversikt i Eidefoss-appen
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
I appen ser du dagens, gårdagens og morgendagens spotpris time for time, og full kontroll på strømforbruket ditt. ved å slå på varslinger i appen får du melding om når på dagens strømprisen er lavest.