Noregs vassdrags- og energidirektorat melder at kraftprisane i Nord-Europa auka ytterlegare i førre veke. Kaldare vêr og høgare forbruk, saman med låg vindkraftproduksjon for årstida var viktige årsaker til prisoppgangen. I sørlege Noreg var vekeprisen på 83 øre/kWh, og i Midt- og Nord-Noreg på om lag 40 øre/kWh.  I sørlege Noreg varierte kraftprisen mykje gjennom veka. Måndag morgon var det svært lite vindkraftproduksjon både i  Norden og i Tyskland, samtidig som forbruket var relativt høgt. Det vart ikkje flaskehals på kabelen til Tyskland, noko som gjorde at kraftprisen i sørlege Noreg vart tilnærma lik som i Tyskland og Nederland. På det høgaste var prisen over 200 øre/kWh. På laurdag var det derimot mykje fornybar kraftproduksjon på kontinentet og lågare forbruk, som bidrog til negative prisar. Det ga mange timar med import frå både Tyskland, Nederland og Danmark. Det var ikkje negative kraftprisar i Noreg i desse timane. Hovudårsaka til det var at vasskraftprodusentane kunne regulere ned vasskraftproduksjonen, og spare vatnet i magasina til seinare i vinter då dei forventar ein høgare kraftpris.

Kraftproduksjonen i Nord-Noreg auka med over 50 prosent frå veka før, og var høg for årstida. Høgare forbruk og meir eksport enn veka før var viktige årsaker til den store auka i produksjon. Det var låg vindkraftproduksjon for årstida i Nord-Sverige og Midt-Noreg, og høgare prisar enn veka før. Dette bidrog til at Nord-Noreg gjekk frå nettoimport i veke 42, til å være nettoeksportør i veke 43.

 

Statistikk vassmagasin

Ved utgangen av veke 43 var fylliungsgraden i magasina i Noreg på 83,7 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,3 prosenteiningar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner