Noregs vassdrags- og energidirektorat: Kaldt vêr bidrog til svært høgt kraftforbruk i Noreg førre veke. Forbruket auka med 10 prosent frå veka før. Førebels tal viser at kraftforbruket i Nord-Noreg var det høgaste over ei veke nokon sinne. I Midt-Noreg har det tidlegare vore ei veke med høgare forbruk.

Vindkraftproduksjonen var låg for årstida i store delar av Norden og Tyskland førre veke. Samstundes var begge kjernekraftverka Forsmark 2 og Ringhals 4 i Sverige (SE3) ute deler av veka grunna feil. Saman med høgt forbruk bidrog dette til at kraftprisane i Norden auka frå veka før.

I Midt- og Nord-Noreg var vekeprisen på høvesvis 76 og 71 øre/kWh. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) steig vekeprisen til 152 øre/kWh, som er den høgaste vekeprisen så langt i år. Dette er høgt prisnivå historisk, men likevel om lag ei halvering av prisen på denne tida i fjor. Prisane i sørlege Noreg var på same nivå som på kontinentet gjennom store delar av veka. Ved like priser er det ikkje lønsamt å utveksle kraft, og kapasiteten på overføringsforbindingane vart ikkje brukt til handel i spotmarknaden i desse timane.

I november var det fleire veker med låge temperaturar og mindre nedbør enn gjennomsnittet. Dei låge temperaturane bidrog til at ein stor del av nedbøren la seg som snø og gav lite tilsig til vassmagasina. Høg etterspurnad etter kraft og høg kraftproduksjon har og bidrege til at fyllingsgraden no ligg noko lågare enn medianen for dei siste 20 åra. Det er ikkje unormalt etter slike kuldeperiodar.

 

Statistikk vassmagasin

 Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner