NVE: Vindkraftproduksjonen auka både i Norden, Tyskland og UK førre veke. Førebelse tal visar at  vindkraftproduksjonen i Norden var på 3,1 TWh, noko som var rekordhøgt. Vindkraft stod for ein tredjedel av den totale kraftproduksjonen i Norden førre veke, og i Noreg har det historisk sett berre vore to veker tidlegare med meir vindkraftproduksjon.

Temperaturane auka også førre veke, og det var mildare enn normalt for årstida i store delar av landet. Mildvêret bidrog til en markant nedgang i forbruket. Sjølv om forbruket gjekk ned, var det framleis  høgt for årstida i Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4).

Mykje vind og periodar med låge kraftprisar på kontinentet bidrog til nettoimport til Noreg over veka, og ein reduksjon i vasskraftproduksjonen frå veka før. Kraftprisane fall i heile Nord-Europa, og vekeprisen var under 100 øre/kWh i alle prisområda.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner