Noregs vassdrags- og energidirektorat melder at det milde vêret i førre veke bidrog til lågare forbruk i store delar av Norden. I veke 8 var det også vinterferie enkelte stader. Kraftproduksjonen totalt sett gjekk noko ned samanlikna med veka før, trass i at vindkraftproduksjonen auka. Nedgangen kan difor forklarast med redusert regulerbar kraftproduksjon. For veka samla hadde Norden nettoeksport av kraft.

Prisane gjekk ned eller heldt seg uendra samanlikna med veka før i heile Norden. Veka starta med låg vindkraftproduksjon, og prisar på same nivå både i Norden og nord på kontinentet. Seinare i veka auka vindkraftproduksjonen i Norden, og prisane gjekk ned. Unntaket var sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), der prisane heldt seg på omtrent same nivå.  Her enda vekeprisen på 62 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) enda vekeprisane på høvesvis 43 og 40 øre/kWh.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner