NVE: Førre veke fall temperaturane i heile Norden til same nivå som ved starten av året. Dette bidrog til at forbruket i alle prisområde auka. I tillegg gjekk vindkraftproduksjon ned, noko som saman gav ein auke i kraftprisen samanlikna med førre veke. I sørlege og Midt-Noreg (NO1, NO2, NO5 og NO3) var vekeprisen på om lag 75 øre/kWh. Sjølv med kaldt vêr og lite vindkraftproduksjon var kraftprisane i sørlege Noreg lågare enn i byrjinga av året. Da var vekeprisen over 100 øre/kWh. Fleire faktorar har bidratt til prisnedgangen, men betre hydrologisk balanse og lågare brenselsprisar er truleg dei to viktigaste.

I Nord-Noreg (NO4) auka vekeprisen frå 22 til 60 øre/kWh. Likevel heldt Nord-Noreg fram å ha den lågaste kraftprisen i Nord-Europa. I Finland gav kulde, lite vind og avgrensa overføringskapasitet til Estland ein vekepris på 119 øre/kWh, noko som var Europas høgaste.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner