Noregs vassdrags- og energidirektoratDet var små endringar i vekesprisane i Noreg frå veka før, men det var større prisvariasjon gjennom veka. I helga var prisen i Sørvest- og Søraust-Noreg (NO2 og NO1) nede i 12 øre/kWh. Då var det mykje vind- og solkraftproduksjon på kontinentet. Danmark, Tyskland, Nederland og Storbritannia fekk mange timar med null eller negative kraftprisar. Dette bidrog til låg produksjon i sørlege Noreg og full import på mellomlandsforbindingane.  Eit slikt driftsbilde gir utfordringar i kraftnettet i sørlege Noreg. Som eit tiltak i forkant av denne situasjonen, reduserte Statnett importkapasiteten frå både Sverige (SE3) og Storbritannia på laurdag og søndag.

På det høgaste hadde Sørvest- og Søraust-Noreg ein kraftpris 180 øre/kWh. Dette var på onsdag ettermiddag då det var høgt forbruk og lite vind- og solkraftproduksjon på kontinentet. Flaskehalsar i nettet mellom prisområda bidrog til at Vest-Noreg (NO5) hadde ein meir stabil pris enn Sørvest- og Søraust-Noreg gjennom veka.  Kraftprisen i Vest-Noreg vart ikkje med opp på dei høgaste prisane i vekedagane, eller ned på dei lågaste prisane i helga.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.