NVE melder at prisane i Norden førre veke heldt seg på nivå med veka før. Unntaket var Midt-Noreg (NO3), der prisen auka og blei liggjande nærare prisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5). Veka starta med låg vindkraftproduksjon og høge kraftprisar, både i Norden og på kontinentet. Då vindkraftproduksjonen tok seg opp seinare i veka, gjekk prisane ned. Vekeprisen enda på rundt 65-70 øre/kWh i prisområda i sørlege Noreg og Midt-Noreg og 55 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4). Forbruket i Norden gjekk ytterlegare ned som følgje av påskeferie og mildt vêr i sør. Kraftproduksjonen gjekk ned omtrent like mykje som forbruket. Dermed enda nettoeksporten frå Norden på same nivå som veka før.

I Nord-Noreg enda gjennomsnittleg månadspris for mars på 55 øre/kWh. Dette er den høgaste mars-prisen som nokon gong er registrert for området. Prisen var likevel lågare enn for dei andre nordiske prisområda og nabolanda på kontinentet. Lågare magasinfylling enn normalt over noko tid har bidrege til at kraftprisane i Nord-Noreg har vore likare prisane i naboområda i Nord-Sverige og Midt-Noreg, som har vore litt høgare.

MERKNAD: Me tek atterhald om at det kan vera feil eller manglar i datagrunnlaget til rapporten denne veka på grunn av overgangen til sommartid sundag 31. mars.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.