(NVE): Temperaturane fall i store delar av Norden samanlikna med veka før, og det var unormalt kaldt for veka.  Det kalde vêret bidrog til ein auke i kraftforbruket i både Norden og nord på kontinentet. Saman med noko mindre vindkraftproduksjon i Tyskland og UK, og auka gass-, kol- og CO2-pris, bidrog dette til høgare kraftprisar i heile Nord-Europa. Kraftprisen i alle dei tre prisområda i sørlege Noreg var 110 øre/kWh, og dermed den høgaste i Norden førre veke.

Prisen i Midt-Noreg auka med om lag 50 prosent frå førre veke, og i snitt var prisen på 82 øre/kWh. Høgt forbruk og periodar med lite vind ga timar med prisar på nivå med sørlege Noreg. Nord-Noreg hadde om lag halvparten av prisen i Midt-Noreg. Nord-Noreg hadde framleis høg produksjon for årstida, og mykje eksport.

Magasinfyllinga ligg om lag på medianen for årstida.