(NVE): Det milde vêret held fram i Noreg førre veke og forbruket var lågt for årstida. Samla sett gjekk produksjonen i Noreg noko ned samanlikna med veka før. Vindkraftproduksjonen sto for den største reduksjonen. I Sverige og Finland vart det òg produsert mindre vindkraft, og i tillegg gjekk kjernekraftproduksjonen ned grunna vedlikehald.

Fyllingsgraden for Noreg samla sett ligg nær medianen. Det er framleis mykje snø i sørlege Noreg samanlikna med gjennomsnittet for denne veka. Ressurssituasjonen i sørlege Noreg er no vesentleg sterkare enn på same tid i fjor.

Kraftprisane auka i både Norden og på kontinentet. I Midt- og Nord Noreg, auka prisen med høvesvis 27 og 59 prosent frå veka før, og vekeprisen var  på 69 og 41 øre/kWh. I sørlege Noreg var kraftprisen på 109 øre/kWh. På kontinentet var kraftprisane stort sett høgare enn i Norden, og det var netto eksport av kraft frå Norden førre veke.