(NVE): Lågare temperaturar bidrog til ein oppgang i kraftforbruket i Norden sist veke. Produksjonen i dei nordiske landa auka ikkje like mykje som forbruket, noko som førte til at nordisk nettoeksport falt frå veka før. Vindkraftproduksjon i Tyskland og Storbritannia gjekk ned samanlikna med veka før, og dette bidrog til å trekke opp kraftprisane. Mot slutten av helga var det likevel enkelte timar med negative kraftprisar i alle landa rundt oss. Høg solkraftproduksjon i Tyskland, mykje vindkraftproduksjon i Norden og eit lågare forbruk i helga bidrog til dei låge kraftprisane.

Onsdag førte ein kortslutning ved Hagby nettstasjon like ved Stockholm (SE3) til ein utkopling på meir enn 2000 MW ved Forsmark kjernekraftverk i Sverige. Dette gav eit kraftig fall i frekvensen i kraftnettet. Eit gunstig driftsbilete og moglegheit for å aktivere store mengder reserver i Norden bidrog til at det ikkje vart større konsekvensar for kraftsystemet. Forsmark kjernekraftverk kom tilbake i drift nærare helga.

Fyllingsgraden i Noreg gjekk ned med 1,0 prosentpoeng til 27,9 prosent ved utgangen av førre veke. Magasinfyllinga ligg 3,4 prosentpoeng under medianen. Det er framleis kaldare enn normalt og snøsmeltinga som gir tilsig til magasina har ikkje starta.  Prognosert tilsig i veke 18 utgjer 30 prosent av normalen.