(NVE): Kraftprisane gjekk ned i heile Norden i veka som gjekk. I Noreg gjekk kraftprisane i heile landet ned med nær 40 prosent frå veka før. I Midt- og Nord-Noreg blei vekeprisen 9 øre/kWh. Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) fekk ein vekepris på 107 øre/kWh, som er den lågaste vekeprisen så langt i år.  Vekeprisen blei i stor grad påverka av fleire timar med svært låge kraftprisar både torsdag, fredag og laurdag. I desse timane var det høg vind- og solkraftproduksjon i Norden og på kontinentet, og dei sørlege prisområda var nettoimportør av kraft. Samstundes utgjorde vindkraft og uregulert vasskraft ein stor del av kraftproduksjonen i Noreg. Lågare forbruk som følgje av heilagdag i fleire land bidrog og til dei låge kraftprisane i desse timane. På sundag auka kraftprisane igjen, på grunn av blant anna lågare vindkraftproduksjon.

Tysdag førre veke kom Statnett med ei melding der dei endrar si vurdering av forsyningssituasjonen for kommande tappesesong for Sørlege-Noreg (NO1, NO2, NO5) frå grønt til gult nivå. Med gult nivå meiner Statnett ein stram forsyningssituasjon. For meir informasjon, sjå Statnett sine heimesider.

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 21 var fyllingsgrada i norske magasin på 31,7 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt 45,3 prosent for åra 2002-2021. Fyllingsgrada auka med 6,2 prosenteiningar frå veka før. Fyllingsgrada ligg no 13,6 prosenteiningar lågare enn medianverdien.

Fyllingsgrada auke i alle prisområda. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 42,2 prosent, medan Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 19,0 prosent. 

https://www.nve.no/nytt-fra-nve/rapporter-vassmagasinstatistikk/