(NVE): Høg vindkraftproduksjon nord i Norden, kombinert med mykje snøsmelting, bidrog til ein forbetra ressurssituasjon i Midt- og Nord-Noreg førre veke. For fire veker sidan var fyllingsgraden i Midt-Noreg under historisk minimum, men etter å ha auka dei seinaste vekene på grunn av snøsmeltinga, er den no nærmare medianen.

Prisane gjekk ned i Noreg førre veke. Enkelte av dagane var det uvanleg låge prisar midt på dagen, og i nokre timar var prisane negative i alle prisområda. Mykje solkraftproduksjon på kontinentet bidrog til at mange land opplevde svært negative prisar, noko som igjen påverka prisane i Norden. Den gjennomsnittlege vekeprisen på Øst- og Vestlandet (NO1 og NO5) var på 61 øre/kWh, medan den var på 65 øre/kWh på Sør-Vestlandet (NO2).  Gjennomsnittsprisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var på 3,9 øre/kWh, noko som er den lågaste prisen hittil i år.