NVE si oppsummering av kraftsituasjonen veke 22
Store prisvariasjonar gjennom veka.
(NVE): For tredje veke på rad hadde Noreg timar med negative kraftprisar i veke 22. Medan prisen i dei sørlege prisområda berre vart negativ ein time onsdag formiddag, falt prisen i Midt- og Nord-Noreg under null i heile 12 timar sist veke. Høg uregulerbar kraftproduksjon og flaskehalsar i nettet har den siste tida bidrege til negative kraftprisar i Sverige, Finland og dei nordlegaste områda har Noreg.
I Tyskland auka solkraftproduksjonen med nesten 20 prosent samanlikna med veka før. Den variable tilgangen på sol- og vindkraft bidrog til store prisvariasjonar gjennom veka. Måndag formiddag var kraftprisen i Tyskland nede i -1303 NOK/MWh, medan prisen tysdag ettermiddag gjekk opp til 1840 NOK/MWh. Dansk pris var med på dei store svingingane, medan utslaget var mindre i dei norske områda.