NVE si oppsummering av kraftsituasjonen veke 24
![Finansiel statistisk analyse på mørk baggrund med voksende finansielle diagrammer. Finansiel statistisk analyse på mørk baggrund med voksende finansielle diagrammer.](https://www.eidefoss.no/getfile.php/138352-1687349614/Bilder/Artikkelbilder/Str%C3%B8m/shutterstock_1044968062.jpg%20%28content%29.jpg)
Oppgang i kraftprisane.
(NVE): Lite vind og høgare gassprisar bidrog til ein auke i kraftprisane sist veke. Snittprisen i Sørvest-Noreg var 106 øre/kWh i veke 24, medan prisen i Aust- og Vest-Noreg var 84 øre/kWh. Vedlikehald i nettet har bidrege til flaskehalsar mellom dei sørlege prisområda i Noreg dei siste vekene.
Etter fleire veker på rad med negative kraftprisar på kontinentet og i Norden, var det berre Finland som hadde negative kraftprisar førre veke. Høg vindkraftproduksjon, kombinert med avgrensa eksportkapasitet bidrog til at kraftprisen i Finland var negativ i syv samanhengane timar natt til tysdag.