(NVE): Produksjonen i Noreg  gjekk opp med 9 prosent førre veke, samanlikna med veka før. Produksjonen er likevel framleis særs låg for årstida i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), medan den er høg i Nord-Noreg (NO4). I Midt-Noreg (NO3) er produksjonen på om lag same nivå som dei seinaste åra.

For fjerde veke i rad var Noreg nettoimportør av kraft. Samanlikna med veka før var det ein markant auke i importen frå Storbritannia, medan det var mindre import frå Sverige og kontinentet.

Kraftprisane auka i sørlege Noreg førre veke, medan dei gjekk ned i Midt- og Nord-Noreg. Dei tre prisområda i sørlege Noreg hadde ein vekepris på 348 øre/kWh. Også sør i Sverige og på kontinentet auka prisane. I Sør-Sverige var vekeprisen på 259 øre/kWh, noko som var ei dobling samanlikna med veka før. På kontinentet hadde fleire land enkelte timar med prisar på rundt 600 øre/kWh. Ein viktig årsak til auken i pris var låg vindkraftproduksjon, i tillegg til høgare kraftforbruk.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsenter i sørlige Norge som sender inn rapporter med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data fra 63 kraftverk i disse rapportene. Disse kraftverkene har en samlet magasinkapasitet på 43,7 TWh, noe som utgjør 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlige Norge.

Last ned rapportering fra produsentene for veke 37 2022 (PDF, 79KB)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 38 var fyllingsgraden i norske magasin 67,9 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 83,1 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,3 prosenteiningar. Nord-Noreg (NO4) hadde høgast magasinfylling med 88,5 prosent, medan Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 50,6 prosent.
Les meir om vannmagasinstatistikk her.