(NVE): Vindkraftproduksjonen auka i Norden i veka som gjekk, og totalt vart det produsert om lag 2,5 TWh frå vindkraft. Det er vanleg med meir vind i vinterhalvåret, men dette er høgt også for årstida. Det var spesielt i dei nordlege prisområda i Norden at vindkraftproduksjonen var høg. Saman med mildare vêr og lågare forbruk ga dette lågare prisar i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) og Nord-Sverige (SE1 og SE2). Vekeprisane i desse prisområda var rundt 40 øre/kWh førre veke. Kraftprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var tilnærma uendra frå veka før, og var på 146 øre/kWh.

Det var også mildare vêr og lågare forbruk i sørlege Noreg førre veke, medan kraftproduksjonen  auka  og ligg no på et høgt nivå for årstida. Auka kom i stor grad frå uregulerbar kraftproduksjon. Lågare vindkraftproduksjon på kontinentet bidrog til høgare kraftprisar der og meir eksport frå sørlege Noreg enn veka før. Sørlege Noreg hadde ein nettoeksport på om lag 600 GWh førre veke.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.