(NVE): Kraftproduksjonen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) gjekk ytterlegare ned førre veke. I oktober var kraftproduksjonen i sørlege Noreg 34 prosent lågare enn gjennomsnittet dei siste fem åra. Kraftforbruket var også lågt, 14 prosent under gjennomsnittet. Sørlege Noreg var nettoimportør av kraft førre veke, og har vore det i fire av dei fem siste vekene. Dette er ein periode der det normalt er nettoeksport frå desse områda.  

Låg vasskraftproduksjon og meir tilsig enn normalt har bidratt til at fyllingsgraden i sørlege Noreg har auka med 14 prosenteiningar dei siste fem vekene. Vi har sjeldan registrert ei så stor auke i fyllingsgraden i sørlege Noreg i oktober. Fyllingsgraden i Midt- og Nord-Noreg gjekk litt ned.

Meir vindkraft og lågare gasspris bidrog til lågare prisar på kontinentet i veka som gjekk. Dette bidrog til redusert kraftpris i sørlege Noreg. Vekeprisen i sørlege Noreg var 108 øre/kWh, ein nedgang på 25 prosent frå veka før. Vekeprisen i Midt-Noreg (NO3) gjekk ned med 10 prosent og enda på 43 øre/kWh. I Nord-Noreg (NO4) auka kraftprisen med 9 prosent, til 21 øre/kWh.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapportering fra produsentene for veke 43 2022 (PDF, 566KB)

Vassmagasinstatistikk

Framover vil viktige endringar i vassmagasinstatistikken bli kommentert i bodskapet.
Les meir om vannmagasinstatistikk her.