(NVE): Temperaturane sank i førre veke og kraftforbruket gjekk opp i heile landet. Det var også høg kraftproduksjon, og i Nord-Noreg (NO4) var produksjonen den høgaste for denne veka dei siste fem åra.  Vestlandet (NO5) hadde den største auken i produksjon frå veka før, med ein auke på 11 prosent. Som i dei føregåande fire vekene, var det også førre veke høg nettoeksport frå Noreg. Magasinfyllinga gjekk ned med 3,4 prosenteiningar og ligg no 3,5 prosenteiningar under medianen. 

Vekeprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var på 356 øre/kWh førre veke, ein auke på 16,5 prosent frå veka før. Prisane nord på kontinentet auka også, og var på om lag same nivå som i sørlege Noreg. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4), og i Nord-Sverige og Finland, fall prisane. Ein årsak til dette var ein tydeleg auke i vindkraftproduksjon i dei nordlege prisområda.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.