Noregs vassdrags- og energidirektorat melder at vindkraftproduksjonen auka i store delar av Nord-Europa førre veke. I Tyskland stod vind- og solkraft for 65 prosent av produksjonen, ein auke frå 45 prosent veka før. Høg fornybar kraftproduksjon bidrog til mange timar med låg kraftpris på kontinentet. Det ga fleire timar med norsk import enn veka før, og for fyrste gong sida mars i år var Noreg nettoimportør av kraft i veke 44 sett under eitt.

Alle dei norske prisområda hadde lik kraftpris store delar av måndagen. Ei viktig årsak var særs låg vindkraftproduksjon i dei nordlege prisområda i Norden. Dette bidrog til at det ikkje vart flaskehals på forbindingane sørover i Noreg og Sverige. Kraftprisane i nord ble difor lik som i dei sørlege prisområda. Resten av veka var kraftprisane i sørlege Noreg stort sett høgare enn i Midt- og Nord-Noreg. Sørlege Noreg hadde ein vekepris på 70 øre/kWh, medan Midt- og Nord-Noreg hadde ein vekepris på høvesvis 34 og 32 øre/kWh.

 

Statistikk vassmagasin

Ved utgangen av veke 44 var fylliungsgraden i magasina i Noreg på 82,1 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,5 prosenteiningar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner