Slik var kraftsituasjonen førre veke
Negative vekeprisar i Noreg for fyrste gong.
(NVE): Førre veke var prega av høg vindkraftproduksjon og mykje nedbør i heile Norden, noko som gav høg produksjon av uregulerbar kraft. Kraftforbruket for Noreg samla var om lag som normalt for årstida.
Mykje nedbør i heile Norden
Høg kraftproduksjon i heile Norden og normalt forbruk, i kombinasjon med avgrensingar i nettet og sterk hydrologisk balanse, bidrog til mange timar med negative prisar i Norden gjennom veka. For fyste gong vart den gjennomsnittlege vekeprisen negativ i prisområda i aust og vest i Noreg (NO1 og NO5), med ein snittpris på -1 øre/kWh. Også sørvest-Noreg (NO2) fekk denne veka stor nedgang i kraftprisar og fleire timar med negative prisar.
Alle prisområda i Norden, med unntak av sørvest-Noreg (NO2) og sør-Sverige (SE4), hadde vekeprisar under 10 øre/kWh. Høgare vind- og solkraftproduksjon pressa kraftprisane ned også på kontinentet, men prisane der heldt seg likevel på eit høgare nivå enn i Norden.