Strømmarkedet i veke 45
Høg vasskraftproduksjon og stor prisforskjell mellom sørlege Noreg og Sverige.
Noregs vassdrags- og energidirektorat melder at vasskraftproduksjonen auka i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) førre veke, og auka var særskilt tydeleg i Sørvest- og Vest-Noreg. Her auka produksjonen med høvesvis 30 og 42 prosent samanlikna med veka før. Sørvest-Noreg hadde den høgaste produksjonen over ein veke sidan slutten av januar i år. Auka hang saman med høg fyllingsgrad i fleire av vasskraftmagasina i området og høgare kraftprisar på kontinentet samanlikna førre veke.
For første gong sidan mai var vekeprisen i Søraust- og Vest-Noreg på 1 kr/kWh. Prisen var nesten 40 øre høgare enn i Sør-Sverige (SE3). Her var vekeprisen på 60 øre/kWh. To faktorar bidrog til prisforskjellen: Høge prisar på kontinentet i helga grunna lite vindkraftproduksjon i Nord-Europa, og avgrensingar i overføringskapasiteten mellom Sør-Sverige og Søraust-Noreg. I Sverige bidrog høg kjernekraftproduksjon til lågare priser enn i nabolanda. På grunn av utfordringar i kraftflyten gjennom Sør-Sverige er det ei avgrensing på kor mykje Sør-Sverige samla kan eksportera til Søraust-Noreg og Danmark (DK1), ofte kalla sumavgrensing. I periodar der Danmark har høgare kraftpris enn Søraust-Noreg, og Søraust-Noreg høgare enn Sør-Sverige, vil det vera høg kraftflyt frå Sverige til Danmark. Då vil sumavgrensinga gi prisforskjellar mellom Søraust-Noreg og Sør-Sverige sjølv om den installerte kapasiteten mellom områda ikkje er fullt utnytta.
Statistikk vassmagasin
Ved utgangen av veke 44 var fylliungsgraden i magasina i Noreg på 82,1 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,5 prosenteiningar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.
Få oversikt i Eidefoss-appen
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.