Noregs vassdrags- og energidirektorat melder at forbruket i dei fleste prisområda i Norden auka førre veke samanlikna med veka før. Auka var spesielt stor i dei nordlege områda. Førebels tal visar at Nord-Noreg (NO4) hadde det høgaste vekeforbruket nokon sinne med 506 GWh. I Midt-Noreg (NO3) var forbruket på om lag 700 GWh, berre slått av veke 6 i 2021. Det kalde vêret var ein viktig årsak til forbruksrekorden. Sjølv med det høge forbruket var kraftprisen i Nord-Noreg den lågaste i Nord-Europa med 59 øre/kWh. Vekeprisen i Midt-Noreg var på 79 øre/kWh.

Auka vindkraftproduksjon førre veke og fallande gassprisar og CO2-kvotar den siste tida bidrog til lågare kraftprisar på kontinentet. Dette er blant årsakene til at vekeprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) gjekk ned samanlikna med veka før. Den var på høvesvis 101, 94 og 93 øre/kWh i dei tre prisområda. På tysdag fekk Søraust-Noreg (NO1), Sør-Sverige (SE3 og SE4), Danmark (DK2) og Finland, enkelte timar med prisar over 300 øre/kWh. Høgt forbruk, låg vindkraftproduksjon og flaskehalsar mot andre prisområde var blant årsaka til dei høge timeprisane.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner