NVE: Det var mykje vind i Norden også førre veke. Førebelse tal viser at det vart set nye produksjonsrekordar for vindkraft i både Sverige, Finland og Norden som heilheit. I Norden vart det produsert 3,5 TWh vindkraft førre veke, som er ei auke på 0,4 TWh frå den tidlegare rekorden set i veke 4. Vindkraft stod for meir enn ein tredjedel av den totale kraftproduksjonen i Norden. Vindkraftproduksjonen i Noreg var også høg, sjølv om nokre vindparkar periodevis måtte redusera produksjonskapasiteten på grunn av uvêret «Ingunn».

Førre veke var prega av høge temperaturar og mykje nedbør. I Noreg var nedbørsmengda tre til fire gongar så stor som gjennomsnittet for veka. Framfor alt bidrog dette til ei kraftig auke i snømagasina, men det kom også mykje tilsig til vasskraftmagasina for årstida. Meir tilsig og lågare vasskraftproduksjon bidrog til at magasinfyllinga ikkje gjekk like mykje ned i veke 5 som den gjorde i vekene før.

Saman med mykje vindkraft og lågt forbruk bidrog den store mengda nedbør til lågare prisar i Norden. Vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var på høvesvis 22 og 24 øre/kWh, medan den i sørlege Noreg ( NO1, NO2 og NO5) var på omlag 60 øre/kWh. Grunna lågt forbruk og mykje vindkraft på kontinentet var det søndag 4. februar nokre timar med nullprisar i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2). Dette er første gong det er nullprisar i Noreg i februar.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner