Noregs- vassdrag og energidirektorat melder at snøsmelting grunna varmare vêr over heile Noreg gav mykje tilsig til vassmagasina førre veke. Det høge tilsiget bidrog til ein auke i magasinfyllinga på 8 prosenteiningar. Fyllingsgraden i Noreg er no nesten 40 prosent, som er over medianen på denne tida av året.

Mykje tilsig gav høg produksjon frå uregulerbar vasskraft i Noreg. Saman med lågare forbruk bidrog dette til at kraftprisane gjekk ned i alle dei norske prisområda og vart omtrent halvert samanlikna med veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) varierte vekeprisen mellom 24 og 28 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeprisen 14 øre/kWh. Stort kraftoverskot og låge prisar i Nord-Sverige (SE1 og SE2) gav høg import til Midt- og Nord-Noreg. Ikkje sidan veke 5 har det vore høgare nettoimport av kraft til områda nord i Noreg.

Sjølv om det var ein kraftig auke i vindkraftproduksjonen i Danmark, gjekk den samla produksjonen i Norden ned. Til tross for dette auka nettoeksporten ut av Norden. Dette skuldast at nedgangen i forbruket var større enn nedgangen i produksjonen. Periodevise flaskehalsar til kontinentet bidrog til at prisane i Norden var lågare enn på kontinentet.

 

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.