Noregs- vassdrag og energidirektorat melder at prisforskjellen mellom dei norske prisområda har auka dei siste vekene. Fleire faktorar har hatt betydning for prisforskjellen. Det har vore lite vind- og solkraftproduksjon for årstida på kontinentet dei siste vekene. Dette har bidratt til færre timar med rimeleg import frå kontinentet samanlikne med tidlegare i år. I tillegg var det fleire timar med flaskehalsar mellom Sørvest-Noreg (NO2) og resten av Noreg.

Til saman bidrog dette til at prisforskjellen mellom Sørvest-Noreg og områda rundt vart større enn kva vi har sett tidlegare i år. Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde ein vekepris på 13 øre /kWh, medan i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) låg prisen på 40 øre/kWh og i Sørvest-Noreg på 57 øre/kWh førre veke.

Dei siste vekene har Midt- og Nord-Noreg hatt låg kraftproduksjon for årstida. Snøsmelting i Nord-Sverige har bidratt til høg uregulerbar vasskraftproduksjonen og lågare kraftprisar der. Midt- og Nord-Noreg har difor importert kraft frå Sverige for å dekkje forbruket, i staden for å produsere sjølv.  Det  har ikkje vore lågare kraftproduksjon over ei veke  i Midt- og Nord-Noreg samla sidan 2016.  

Fyllingsgraden auka med 9 prosentpoeng i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) førre veke og er no på 63,4 prosent. Dette er den høgaste fyllingsgrad i veke 22 dei siste 20 åra. I Midt- og Nord-Noreg auka fyllingsgraden med høvesvis 8,3 og 7,5 prosentpoeng, og i Nord-Noreg ligg no fyllingsgraden over historisk minimum for årstida. Auken kjem hovudsakleg av den raske snøsmeltinga. Det har elles vore lite nedbør, og difor har ikkje den samla ressurssituasjonen endra seg mykje dei siste vekene.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.