Noregs vassdrags- og energidirektoratDet milde vêre heldt fram førre veke, og forbruket i Noreg fall ytterlegare frå veka før. I sørlege Noreg var forbruket over veka lågt samanlikna med tilsvarande veke dei siste åtte åra. Mindre vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar nord på kontinentet bidrog til at kraftproduksjonen og nettoeksporten i sørlege Noreg auka frå veka før. I tillegg var det meir tilsig enn normalt som bidrog til høgare produksjon, spesielt i Søraust-Noreg (NO1). Kraftprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) var 65 øre/kWh, ein liten auke frå veka før.

I dei nordlege prisområdane i Norden (NO3, NO4, SE1 og SE2) auka vindkraftproduksjonen frå veka før, samstundes som at forbruket falt. Dette bidrog til ein nedgong i vekeprisane frå veka før. Vekesprisen var høvesvis 40 og 37 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4).

I helga var to kjernekraftreaktorar i Norden utilgjengelege. I Finland gjekk Olkiluoto 3 (1600 MW) ut til planlagt vedlikehald, som ga 40 prosent reduksjon i tilgjengeleg kjernekraftkapasitet. I Sverige var Forsmark 2 (1121 MW) ute i fire dagar grunna ein feil. På våren startar vedlikehaldssesongen for kjernekraft og det vil vere lågare tilgjengeleg kapasitet gjennom store delar av sommarhalvåret.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.