Noregs vassdrags- og energidirektoratDet har vore små endringar i temperaturane den siste veka og forbruket i Noreg har vore tilnærma uendra dei siste tre vekene. I resten av Norden var forbruket lågare enn veka før. Samen med ein auke i vindkraftproduksjonen, spesielt i Finland og Sverige, bidrog dette til meir overskot av kraft og lågare kraftprisar i Norden. Høgare kraftprisar på kontinentet enn Norden bidrog til høgare nettoeksport enn veka før.

Prisane gjekk mest ned i dei nordlege prisområda i Norden (NO3, NO4, SE1, SE2 og Finland). I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekesprisen på høvesvis 58 og 54 øre/kWh. I det sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen på omlag 66 øre/kWh. I starten av veka, då det var lite vind i Norden, og spesielt i dei nordlege prisområda, var kraftprisen lik i alle dei norske prisområda. I enkelte timar var prisen over 100 øre/kWh. Frå onsdagen auka vindkraftproduksjonen betrakteleg nord i Norden og Finland, og kraftprisen i nord i Noreg var hovudsakeleg lågare enn i sør resten av veka.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.